”Harmonica Tribute”: Voss Blues & Roots Festival 2005
Ordførar Bjørn Christensen stod for opninga og publikum fekk deretter
høyre smakeprøvar på kva som skulle vere på scenen nede seinare, det var eit
trekløver beståande av Jostein Forsberg, Rune Myhren og minst, Jenny ”Little
Jenny” Bohman, som fekk publikum i god stemning. Lista for kvelden var i alle
fall lagt veldig høgt.
Etter ein slik forrykande konsert med Berge & Flaaten så var det behageleg for
festivalleiinga å setje seg godt tilbake og nyte konserten med Harmonica Tribute,
noko betre for ei gamal bluessjel kan vel ikkje finast. Rune Myhren gjorde vel
ein av sine beste konsertar til ein litt slunken sal men stemninga var på topp.
Little Jenny tok deretter stafettpinnen på ein mestarleg måte som berre ho
klarar.
Jostein Forsberg avslutta denne seansen på ein mestarleg måte, noko berre han
kan. Det er godt å sjå at blues kan framførast med slik følelse og innleving av
ein stor munnspelar. No ser me laurdagen lyst i møte og vil trekke dyna over
hovudet med smekre bluestonar enno i øyro.